Friday, April 20, 2007
Påfugl?
Skal me vera heilt ærlege - så burde han vel helst halde seg til puddelen - kongepuddelen.
Monday, January 29, 2007
Bilkaup
Det havde seg slìk at ho Petra Bortisvingen havde havt lukka med seg. Eftir å ha budd i Amerika i mange år, vann ho storlotteriet som garanterte ho ei utbetaling på 100 000 dollar kvar månad svo lenge ho lìvde. Ho fekk ordna det slìk at pengarne stod på ein amerikansk bank som gav henne god avkastning – og ho lìvde godt.
Under ein tur til gamlelandet, Norìg, fekk ho det fyre seg at ho vilde kaupa seg ein bil – og i beste amerikanske sedvane måtte bilen vera både stor og «state-of-the-art» - altso det ypparste som fanst. Ho fekk med seg ein av nevøane sine upp til Hope Bil på Nesttun utanfor Bergen og forhandla seg fram til eit digert beist av ein bil med luksussete og automatpilot og cruisekontroll og fuglarne veit kva det ikkì var i den bilen.
Umsider kom dei til stereoanlegget – og sjølvsagt vilde ho Petra hava det beste som fanst. Det var innebygd 48 høgtalarar overalt inni bilen og stereoanlegget ho havde måtte spesialtingast frå Malaysia – avdi det ikkì var serieprodusert.
Hentetidi var åtte vìker.
Då Petra skulde heimta bilen vart ho forklara korleides stereoen verka. Dersom ho vilde høyra på P1 skulde ho berre segja «P1» svo fekk ho kanalen. Det same var det med P2, P3, P4, Kanal 24. Vilde ho høyra rock var det berre å segja «rock» svo fekk ho det – og «nyhende» sørga for nyhende…
Svo uppteke var ho Petra Bortisvingen yver denne fantastiske anlegget at ho ikkì makta halda auga skikkeleg på vegen. Ho testa ut stereoanlegget.
«Jim Reeves», sa ho, og «I love you because, you understand dear, every single thing I try to do…» og freista vidare med «Elvis» og fekk «You ain't nothing but a hound dog, crying all the time…» før ho valde seg «nyhende» og fekk servert siste nytt frå P4-nyheitene…
Brått havde det seg korso slìk at ein bil skar inn millom henne og bilen fyre henne svo ho laut bråbremsa for ikkì å køyra inn i hekken på han. Sint som det sømde seg vart ho naturlegvis og braut ut:
«Dritt!»
Og dermed kom NRK P3 på…
Saturday, January 27, 2007
Skilsmålsforhandlingar
«Eg vil skiljast.»
Mannen segjer inkjevetta, men trør på gassen.
«Eg hev dessutan eit forhold til sjefen din,» segjer kona – med det som fylgje at mannen trør endå hardare på gassen.
«Dessutan er han ein mykì betre elskar enn deg,» held ho fram. Mannen gir meir gass. Farten er uppe i 120 km/t.
«Dessutan vil eg bilen, huset og ungane,» held ho fram og ser sint på mannen. Han styrer ut mot midten av vegen, og ho segjer «Eg krev dessutan alle pengane på sparekontoen,» slår ho fast. Farten er no uppe i 180 km/t og mannen siktar seg inn på ein betongpillar under ein overgang.
Kona som no er skræmd av farten og retninga mannen køyrer i spør skjelvande: «Er det inkjevetta du vil da, då?»
«Nei, eg hev alt eg treng, eg,» svarar han.
«Kva meiner du?»
«Airbag!»
Wednesday, January 24, 2007
Kyssemerke
Problemet for vaktmeisteren var det at han var den som laut vaska dei vekk kvar kveld, og det var slitsomt nok for ein einsam vaktmeister.
Til slutt fann rektor og vaktmeisteren på at noko måtte gjerast for å få slutt på uvesenet og samla nokre av gjentone på do (dei rekna med at gjentone snakka seg imillom, slik gjentor alltid ger) og vaktmesteren klaga si arme naud.
"Det er eit slit å vaska vekk alle desse merka," sa rektor så gjentone høyrde på. De må tenkja på den stakkars vaktmeisteren som får vondt i ryggjen av å bøya seg så mykje...
Gjentone skyna inkjevetta - for speglane sat høgt på veggen - høgt nok til at han slapp bøya seg.
Då steig vaktmeisteren fram, fann fram ei skita fille, bøygde seg ned, dyppa ho i ei av doskålene og turka spegelen rein.
Frå den dagen av - var det ingen kyssemerker på spegelen meir.
Wednesday, January 17, 2007
Butsjer-dansen
For nokre år sidan hende det at tre rufsute og nedstøva menn snåva seg inn i ein liten bar i den australske byen Alice Springs, sette seg ned ved eit bord og bad um å få kvar sine pints med kaldt øl.
Kelneren som kom med ølet, var som kelnarar på små barar flest – nyfiken og spurde kven dei var og kvor dei kom frå.
-Me er eit filmteam som hev reist heile verdi rundt og samla inn filmmateriell av alle religiøse og kulturelle stammedansar som finst – no skal me reisa heim til USA og laga ein filmserie um dette.
-Forvitneleg, svara kelneren og spurde um dei havde filma den australske Butsjer-dansen ogso?
-Eg kenner ikkì det namnet, men det er vel berre eit anna namn for Korroborree – tenker eg.
-Nei, nei, svara kelneren, ikkì Korroborree – Butsjer-dansen er heilag. Blir berre dansa ein gong um året – omkring denne tida, ved fullmåneleite.
-Det var forvitneleg, svara leidaren for kamerateamet. Er det langt til staden – eg må ha med meg denne dansen, og, det stend på mi yrkesmessige ære, sa han.
-Vel, svara kelneren, fyrst må du køyra 104 miles rett nord herfrå, då kem du til eit innturka tre. Der må du svinga av vegen – og fylgja ein rufsut veg rakt vestover i 76 miles. Men vegen er dårleg, svo det tek lang tid. Vegen sluttar i ein stor kampestein som ligg ved barden av innturka Å, og yver denne Åklyfti går det ei hengebru, som du lyt yver. På hi sida går det ein veg du må fylgja til du kem til eit vegskilje – det er vel 12-13 miles, kann eg tenkja meg, og svo må du ta til høgre. Den vegen må du fylgja til du kem til ei steinurd – og den må du kliva upp til du kem yver eit fjellpass – og ned på hi sida av fjellet. Der må du ta mot nord att – og eftir ein ti miles' veg eller svo skulde du nå fram til stammen.
Filmteamet vart gira som få og sjekka ut at dei havde nok batteri og videoband og utstyr og mat – og sette av garde. Fylgde vegnemningane til punkt og prikke. Og eftir tre harde dagar nådde dei fram til stammen – trøytte og uttværde.
Den fyrste dei møtte frå stammen tok vel imot deim og gav dei mat og drykke – men då dei spurde han um Butsjer-dansen fekk dei vita at han var dansa kvelden i fyrevegen.
-Men kann De ikkì dansa han ein gong for oss?
-Åh, nei. Berre ein gong kvart år. Elles blir gudane vreide.
Dermed kunde dei ikkì gera anna enn å venda attende heim – til USA – med uforretta sak. Men ni månadar seinare var dei attende i Australia – og byrja på ferda mot stammen for å filma butsjer-dansen. Frå Alice Springs køyrde dei 104 miles rakt nord, kom til det innturka treet og fylgde den no endå dårlegare vegen vestover i 76 miles til dei kom til kampesteinen ved den innturka Åi. Dei kryssa hengebrua yver gjuvet og fylgde vegen vidare 12-13 miles til vegskiljet, der dei tok til vìnstre. Eftir fleire timars vandring skyna dei at dei havde teke feil, og snudde. Kom til vegkrysset att og peila seg inn på vegen til høgre. Svo tok dei vidare til dei kom til steinurdi og byrja den møysommelege klatringi yver fjellpasset. Men uppe i fjellpasset vart dei råka av eit forferdeleg uver – og måtte laga seg eit millombels bu under steinblokkene og ved hjàlp av teltduk. Lukkeleglevis havde dei primusar og rikeleg mat med seg. Eftir ni dagar med kontinuerleg uver løya vinden og veret nok til at dei kom seg ned – og vegen bar nordetter i ti miles eller svo til dei nådde stammen.
Utslitne og trøytte som dei var spurde dei annige stammen um dei var tidsnok til å filma butsjer-dansen… noko dei fekk stadfest. Han skulde dansast kvelden etterpå. Då dagen rann, rigga dei upp lyskastarar, kamerautstyr og gjorde lydutstyret klart, og gav seg til å venta…
Då kvelden seig på, senka myrkret seg og trumbene byrja drønna. Eit stort bål vart tent og folket stod spende og venta på at medisinmannen skulde stiga fram. Eftir ei tid gjorde han ogso det, med maske og kledbunad på… og svo stenka stella seg – fyrr ein kunde høyra knitringi frå ei gamal grammafon som akkompagnerte medisinmannen som dansa: «your but'sjer Right arm out, you but'sjer Left arm out, you but'sjer Right arm out – and you shake it all about... you do the hokey-pokey... And you turn yourself around... That's what it's all about!»
Monday, January 15, 2007
Ein fin ettermiddag inne i sjølve himmelriket!
-Tusund takk, Sadat, for at du gìkk med ei fredsavtale med folket mitt.
Sadat var for all del litt fjetrad, og mindre vart det ikkì då han nokre minuttar etter møtte Abraham, som jo vert hevda å vera stamfar for arabarane òg... og fekk endå ein klem - ein bjørnklem denne gongen.
-Takk! Takk! Takk, skal du hava, Sadat for fredsviljen! Det set eg pris på.
Sadat stod nærast og darra... og undra seg yver kva som kom nest.
Han møtte David og Salomo, og David spela eit nykomponert kvad - til hans ære - og Salomo smidde eit nytt ordtøkje: "Du krigshungrige - gå til Sadat og bliv vis!"
Dei fyre lyfte deretter Sadat upp og bar han på gullstol fram til Guds truna... og Sadat stod med store augo og keik seg rundt, då Gud spurde:
-Ser du etter nokon, Sadat?
-Vel, her er både Abraham og Moses og David og Salomo - men kvar er Muhammed?
-Muhammed? spurde Gud og klødde seg i skegget... Muhammed!? Så snudde han seg og ropa høgt:
-Muhammed!! Seks kaffi - litt brennkjapt!
Sunday, January 14, 2007
Ein fager ettermiddag ved perleporten
Motviljug opna Peter døri, og utanfyre stod allah...
Peter styna høgt, trakk pusten og ropa:
Hei, Gabriel, Kebab-leveranse til deg!
