Saturday, January 27, 2007

Skilsmålsforhandlingar

Eit godt vakse ektepar var ute og køyrde med bile in dag. Brått utbryt kona:
«Eg vil skiljast.»
Mannen segjer inkjevetta, men trør på gassen.
«Eg hev dessutan eit forhold til sjefen din,» segjer kona – med det som fylgje at mannen trør endå hardare på gassen.
«Dessutan er han ein mykì betre elskar enn deg,» held ho fram. Mannen gir meir gass. Farten er uppe i 120 km/t.
«Dessutan vil eg bilen, huset og ungane,» held ho fram og ser sint på mannen. Han styrer ut mot midten av vegen, og ho segjer «Eg krev dessutan alle pengane på sparekontoen,» slår ho fast. Farten er no uppe i 180 km/t og mannen siktar seg inn på ein betongpillar under ein overgang.
Kona som no er skræmd av farten og retninga mannen køyrer i spør skjelvande: «Er det inkjevetta du vil da, då?»
«Nei, eg hev alt eg treng, eg,» svarar han.
«Kva meiner du?»
«Airbag!»

1 comment:

Roy-Olav said...

Ja, ja... du får sagt det.