For nokre år sidan hende det at tre rufsute og nedstøva menn snåva seg inn i ein liten bar i den australske byen Alice Springs, sette seg ned ved eit bord og bad um å få kvar sine pints med kaldt øl.
Kelneren som kom med ølet, var som kelnarar på små barar flest – nyfiken og spurde kven dei var og kvor dei kom frå.
-Me er eit filmteam som hev reist heile verdi rundt og samla inn filmmateriell av alle religiøse og kulturelle stammedansar som finst – no skal me reisa heim til USA og laga ein filmserie um dette.
-Forvitneleg, svara kelneren og spurde um dei havde filma den australske Butsjer-dansen ogso?
-Eg kenner ikkì det namnet, men det er vel berre eit anna namn for Korroborree – tenker eg.
-Nei, nei, svara kelneren, ikkì Korroborree – Butsjer-dansen er heilag. Blir berre dansa ein gong um året – omkring denne tida, ved fullmåneleite.
-Det var forvitneleg, svara leidaren for kamerateamet. Er det langt til staden – eg må ha med meg denne dansen, og, det stend på mi yrkesmessige ære, sa han.
-Vel, svara kelneren, fyrst må du køyra 104 miles rett nord herfrå, då kem du til eit innturka tre. Der må du svinga av vegen – og fylgja ein rufsut veg rakt vestover i 76 miles. Men vegen er dårleg, svo det tek lang tid. Vegen sluttar i ein stor kampestein som ligg ved barden av innturka Å, og yver denne Åklyfti går det ei hengebru, som du lyt yver. På hi sida går det ein veg du må fylgja til du kem til eit vegskilje – det er vel 12-13 miles, kann eg tenkja meg, og svo må du ta til høgre. Den vegen må du fylgja til du kem til ei steinurd – og den må du kliva upp til du kem yver eit fjellpass – og ned på hi sida av fjellet. Der må du ta mot nord att – og eftir ein ti miles' veg eller svo skulde du nå fram til stammen.
Filmteamet vart gira som få og sjekka ut at dei havde nok batteri og videoband og utstyr og mat – og sette av garde. Fylgde vegnemningane til punkt og prikke. Og eftir tre harde dagar nådde dei fram til stammen – trøytte og uttværde.
Den fyrste dei møtte frå stammen tok vel imot deim og gav dei mat og drykke – men då dei spurde han um Butsjer-dansen fekk dei vita at han var dansa kvelden i fyrevegen.
-Men kann De ikkì dansa han ein gong for oss?
-Åh, nei. Berre ein gong kvart år. Elles blir gudane vreide.
Dermed kunde dei ikkì gera anna enn å venda attende heim – til USA – med uforretta sak. Men ni månadar seinare var dei attende i Australia – og byrja på ferda mot stammen for å filma butsjer-dansen. Frå Alice Springs køyrde dei 104 miles rakt nord, kom til det innturka treet og fylgde den no endå dårlegare vegen vestover i 76 miles til dei kom til kampesteinen ved den innturka Åi. Dei kryssa hengebrua yver gjuvet og fylgde vegen vidare 12-13 miles til vegskiljet, der dei tok til vìnstre. Eftir fleire timars vandring skyna dei at dei havde teke feil, og snudde. Kom til vegkrysset att og peila seg inn på vegen til høgre. Svo tok dei vidare til dei kom til steinurdi og byrja den møysommelege klatringi yver fjellpasset. Men uppe i fjellpasset vart dei råka av eit forferdeleg uver – og måtte laga seg eit millombels bu under steinblokkene og ved hjàlp av teltduk. Lukkeleglevis havde dei primusar og rikeleg mat med seg. Eftir ni dagar med kontinuerleg uver løya vinden og veret nok til at dei kom seg ned – og vegen bar nordetter i ti miles eller svo til dei nådde stammen.
Utslitne og trøytte som dei var spurde dei annige stammen um dei var tidsnok til å filma butsjer-dansen… noko dei fekk stadfest. Han skulde dansast kvelden etterpå. Då dagen rann, rigga dei upp lyskastarar, kamerautstyr og gjorde lydutstyret klart, og gav seg til å venta…
Då kvelden seig på, senka myrkret seg og trumbene byrja drønna. Eit stort bål vart tent og folket stod spende og venta på at medisinmannen skulde stiga fram. Eftir ei tid gjorde han ogso det, med maske og kledbunad på… og svo stenka stella seg – fyrr ein kunde høyra knitringi frå ei gamal grammafon som akkompagnerte medisinmannen som dansa: «your but'sjer Right arm out, you but'sjer Left arm out, you but'sjer Right arm out – and you shake it all about... you do the hokey-pokey... And you turn yourself around... That's what it's all about!»

No comments:
Post a Comment