Monday, January 15, 2007

Ein fin ettermiddag inne i sjølve himmelriket!

Anwar al-Sadat hadde nyss avlidd og fann seg brått innanfyre himmelporten. Den fyrste han møtte var Moshe (Moses) som òg var profet, um enn mindreverdig, for han som muslim. Moshe smilte og gav honom ein god klem.
-Tusund takk, Sadat, for at du gìkk med ei fredsavtale med folket mitt.
Sadat var for all del litt fjetrad, og mindre vart det ikkì då han nokre minuttar etter møtte Abraham, som jo vert hevda å vera stamfar for arabarane òg... og fekk endå ein klem - ein bjørnklem denne gongen.
-Takk! Takk! Takk, skal du hava, Sadat for fredsviljen! Det set eg pris på.
Sadat stod nærast og darra... og undra seg yver kva som kom nest.
Han møtte David og Salomo, og David spela eit nykomponert kvad - til hans ære - og Salomo smidde eit nytt ordtøkje: "Du krigshungrige - gå til Sadat og bliv vis!"
Dei fyre lyfte deretter Sadat upp og bar han på gullstol fram til Guds truna... og Sadat stod med store augo og keik seg rundt, då Gud spurde:
-Ser du etter nokon, Sadat?
-Vel, her er både Abraham og Moses og David og Salomo - men kvar er Muhammed?
-Muhammed? spurde Gud og klødde seg i skegget... Muhammed!? Så snudde han seg og ropa høgt:
-Muhammed!! Seks kaffi - litt brennkjapt!

1 comment:

Roy-Olav said...

He, he, he... dette har du tak på ;-)